Å bli sett, høyrt og forstått: Pasienterfaringar i helsetenesta for menneske med ruslidingar – ein kvalitativ intervjustudie
Eg vil invitere til å delta i ein studie om korleis menneske med ruslidingar opplever møte med helsetenestene. Eg ynskjer å snakke med personar som har – eller har hatt – ei rusliding, og som har erfaringar frå kontakt med helsevesenet. For denne studien inviterer eg vaksne over 18 år, både kvinner og menn.
Hensikta med denne studien er å få ei djupare innsikt i erfaringane til menneske med rusmiddellidingar i møte med
helsevesenet. Gjennom ein kvalitativ studie ønskjer eg å undersøkje korleis dei opplever behandling, kommunikasjon
og tilgjengelegheit til tenestene, med særleg vekt på brukarperspektivet. Vidare vil eg utforske kva strukturelle
barrierar som kan hindre gode møter mellom pasientar og helsepersonell. Studien kan bidra med kunnskap om både
barrierar og moglegheiter i helsetenestene for denne pasientgruppa.Kva inneber deltaking?
Dersom du ønskjer å vere med i studien, vil du delta i eit individuelt intervju på om lag 1 time. Samtalen vil handle om
erfaringar frå helsetenesta, møte med helsepersonell og opplevd kvalitet i behandlinga.
Intervjuet kan gjennomførast enten fysisk, via videokonferanse, eller over telefon, avhengig av kva som
passar best for deg. Med ditt samtykke vil det bli gjort lydopptak av samtalen, slik at eg kan transkribere og analysere
innhaldet seinare. Før intervjuet vil du få informasjon om studien og signere eit samtykkeskjema. Det blir understreka at deltakinga er heilt frivillig, at du når som helst kan trekke deg utan å oppgi grunn, og alle opplysningar vil bli anonymiserte slik at ingen kan kjenne deg igjen i resultatet.
Ta gjerne kontakt om du er interessert, eller om du lurer pånoko!
Mobil: 95445809
E-post: emlau9353@uib.no
Vh Emilie Laupsa
UNIVERSITY OF BERGEN / 55 58 00 00 / POST@U